Gatekunst i Stavanger
© Brian Tallman Photography

Helge av Smug

Reisetips

Stavanger - fra gatekunst til matkunst!

  • Sommer
  • vinter
  • vår
  • høst

Sist oppdatert 2024-10-17

Uteliv, shopping, historie. Berlin? Ah, ah. Stavanger!

Arne Hjeltnes har sine Stavanger-favorittar (og han har ikkje tenkt å halda dei for seg sjølv!).

Stader å innta lunsj

Ostehuset Øst

Østre Bydel er Stavanger sitt svar på Grünerløkka. Her dukkar det stadig opp nye, spanande stader å stikka innom. Hanne og Tom, som har vore aktive med gode serveringsstader i byen, var blant dei fyrste, og Ostehuset Øst er ein perfekt stad å ta ein deilig frukost eller ein god lunsj. Eller stikka innom på kvelden. Dei har eit supert bakeri og lekre rettar laga av lokale råvarer.

Kafékos i Ostehuset Øst

Restaurant

Ostehuset Øst

Stavanger

Klart Ostehuset er på plass i Stavangers mest spennende bydel. Gjestene gjenspeiler bydelens mangfold: I ukedagene, de som jobber i bydelen, studenter, gode venner. I helgene turgåere, barnefamilier og andre fine folk. Den gode lukten kommer fra bakeriet deres.

Sirkus Renaa

Torill og Sven Erik Renaa er ei gåve til denne byen. Stadig kjem dei med nye idear som gleder alle som likar god mat og gode opplevingar. Siste skot på stamma er multi-mathuset Sirkus, der nydelege bakverk, italiensk is og pizza og freistande sandwich lokkar til seg folk heile dagen. Dessutan ligg det ein passelig sykkeltur frå sentrum.

Et bord med bakverk, is og dessert

Restaurant

Sirkus Renaa Lagårdsveien

Stavanger

Sirkus Renaa Lagårdsveien er et av landets beste konditorier og bakerier, med surdeigsbrød, laminert søt bakst, terter og makroner. På kveldstid forvandles Sirkus Renaa til en pizzeria med napolitansk surdeigspizza og gode pastaretter.

Ein av mange middagsfavorittar

Bellies

«Keep the bellies happy», seier dei hjå Stavangers sin einaste heilveganske restaurant og sånt vert i all fall min mage glad av å høyra. Dette er gastronomiske opplevingar på høgt nivå. Gå for smaksmenyen med sesongens råvarer viss du vil verta skikkeleg, skikkeleg glad i magen din. Passer og supert til lunsj. Då har eg eitt ord til deg: Falafel! Bellies ligg i Pedersgata i Stavanger Øst, den kule delen av byen. I tillegg til lokale råvarer på menyen, har restauranten og nytta lokale krefter til interiør og design.

People eating a meal at a restaurant in Stavanger. Three men at the table.

Restaurant

Bellies restaurant i Stavanger

Stavanger

Bellies er Stavangers første og eneste restaurant med kun vegansk mat på menyen. Deilige plantebaserte råvarer og uendelige muligheter.

Stader å ta eit glas

Lervig Local

Stikk ein liten tur ut av bykjerna – det gjer du veldig enkelt på ein av Stavanger sine mange elsyklar – til dømes opp til Eiganes. Her er det vakna nytt liv i ein eigen liten oase like ved kongebustaden Ledaal. I og omkring den gamle «Hermetikken» ligg Matmagasinet, bakeriet Kanelsnurren og Lervig sin eigen bryggeripub Lervig Local. Her bryggjer dei eigne small-batch øl. Det tøffe moderne lokalet, dekorert med Nanna Guldbæk-illustrasjoner kjent fra Lervig sine etikettar, er ein skikkeleg heit «hang-out», i eit veldig flott strøk.

Bargjester kikker ut av vinduet og smiler.

Bar og pub

Lervig Local

Stavanger

LERVIG har utvidet tilbudet sitt og åpnet bryggeripub i Stavanger.

Verd eit besøk

Nuart

Gatekunstfestivalen Nuart er ei stor årleg happening, og den har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Dei mange spora Nuart har satt, kan du gleda deg over når du går rundt i Stavanger. Mange stader i bykjerna – men og mange andre steder i regionen – kan du sjå gatekunstverk av kjente kunstnarar og nykomarar. Ta ein Nuart byvandring medan du er her.

gatekunst

Kunst og museum

Gatekunst (Street Art) Nuart Stavanger

Stavanger

Nuart sin gatekunstfestival har i årenes løp satt sitt preg på store deler av Stavanger og regionen, og Stavanger regnes som Norges gatekunsthovedstad. Både i bygd og by finner du verk av kjente gatekunstnere.

Stavanger kunstmuseum

Det vert ikkje ei komplett helg utan ein tur på museum. I Stavanger har dei perla Stavanger kunstmuseum, der dei byrja å samla allereie på 1800-talet. Her finn du både nasjonale skattar som målaren Lars Hertervig og teppekunstnaren Frida Hansen, men og spanande nye utstillingar. Ein kort tur med el-sykkel frå sentrum. Vaflene er gode og.

Inngangen til glassbygningen som huser Stavanger kunstmuseum

Kunst og museum

Stavanger kunstmuseum

Stavanger

Stavanger Kunstmuseum er en knutepunktsinstitusjon og viser skiftende utstillinger i tillegg til utvalg fra Den faste samling, Samling Halvdan Hafsten og Jan Groth Samling. Samlingene består av over 2000 kunstverk fra 1800-tallet og fram til i dag.