© Brian Tallman Photography

Reisetips

Stavanger, helgetur, ferdig snakka

  • sommer
  • vinter
  • vår
  • høst

Sist oppdatert 2024-10-23

Stavanger. Helgetur. Ferdig snakka!

Arne Hjeltnes har sine Stavanger-favorittar (og han har ikkje tenkt å halda dei for seg sjølv!).

Verd eit besøk

Gladmat

Den årlege matfestivalen i juni i Stavanger, er unik. Gladmat er rett og slett ein fest for alle, mykje meir enn eit torgsal eller ein marknad. For i Stavanger flyttar restaurantar og skjenkestover ut på gata og lagar nye konsept, slik at du kan eta deg gjennom heile Stavangers utrulege mattilbod. Vågen er full av smaksopplevingar. Er du på jakt etter ein skikkeleg safari, kan du melda deg på ein av ei guida Gladmatløypene som GuideCompaniet arrangerer, som tar deg med innom fleire spanande stader, samstundes som du får små drypp av den flotte byen si soge. Ein perfekt kombo, synes eg.

people on the food festival gladmat in Stavanger

Festivaler

Gladmatfestivalen i Stavanger

Stavanger

Bli med på Norges største matfestival i Stavanger!

Stavanger Food Walk

By-sightseeing

Matvandring i Stavanger

Stavanger

Denne kulinariske turen tar deg gjennom Stavangers mathistorie krydret med flere smakfulle opplevelser underveis.

Stader å shoppe

Made with Hart

Eg er utruleg glad i Made With Hart. Årsakene er ikkje berre at eg alltid byrjar Stavanger-turen min hjå Alex, Made og Martini, men og fordi eg er imponert over at dei har skapt ei merkevare av internasjonalt kaliber i Stavanger. Her får du dressar, skjorter, sko og lekre fritidskle. Og målsaum, slik at du kan få ein heilt unik look. Har du gløymt noko i kofferten, kan du trygt stikka innom og vera stilig kledd på eit blunk. Det er ein sosial gjeng, som alltid kan fortelja deg kvar det skjer i byen den helga du er der.

Stader å eta middag

Nick & Jonnies hjå Gaffel og Karaffel

Vinkjellaren til Bjørn Erik Sandvaag er ein sikker stoppestad på ein runde i den livlege byen. Han kan verkeleg vin og er ein blid fyr som veit å ta vare på gjestene sine. Ei omvisning i kjellaren, eller endå betre, ein middag rundt «Mafiabordet», er ei perfekt ramme for ein god kveld. Her er det mykje godt på alle måtar. Gaffel og Karaffel er eit komplett restauranthus med mat som passar til all slags vin hjå Nick & Jonnies.

Nick and Johnnies restaurantoversikt

Restaurant

Gaffel & Karaffel

Stavanger

Gaffel & Karaffel har mangfold i hele fire etasjer med restaurant, vinbar, festsal og selskapslokaler.

Fish & Cow og Tango

Ein annan klassikar med gode kokkar og mykje liv er ekteskapet mellom dei to Stavanger-favorittane Fish & Cow og Tango. Her kan du både nyta ein lekker smaksmeny i elegante Tango, henga i den livlege baren eller nyta uformell gastronomi i Fish & Cow. Tango er intim med 30 sitteplassar og har fått Guide MICHELIN til å henta fram «to gaflar og to knivar». Ei stjerne snart?

Dette er to unike plassar å nyta god mat med felles inngang. Kanskje du har tid til begge? Folka her er alltid smilande. Eit godt glas er aldri langt unna. Sjefen sjølv Tommy Raanti er ein av desse utruleg dyktige Stavanger-kokkane. Godt plassert midt på Torgterrassen, er du i hjartet av Stavanger, stemningsmessig og.

Fish & Cow suppe

Restaurant

Fish & Cow

Stavanger

Fish & Cow er et moderne brasserie i hjertet av Stavanger sentrum, og er åpent 6 dager i uken. Her får du servert både lunsj- og middagsretter.

Tango mat Petit four

Restaurant

Tango Restaurant

Stavanger

En intim restaurant med 30 sitteplasser i hjerter av Stavanger sentrum med en meny av høy kvalitet med fokus på lokale råvarer i sesong – i en lun atmosfære.