Storbyweekend i Stavanger
Den norske TV-personligheten Arne Hjeltnes deler med deg sine favorittsteder i Stavanger. Velkommen til Stavanger!
Reisetips
Sist oppdatert 2024-10-17
Klart du skal på helgetur til Stavanger! Jeg skal vise deg hva du kan oppleve.
Arne Hjeltnes har sine Stavanger-favorittar (og han har ikkje tenkt å halda dei for seg sjølv!).
Restaurant
Stavanger
Restaurant i Stavanger med fisk og sjømat, der menyen baserer seg på dagens fangst.
Hjå min gode ven Karl Erik Pallesen og gjengen på Fisketorget innerst i Vågen, er dagens meny alltid eit resultat av dagens fangst. Lokalfanga trumfar langreiste råvarer enten du går for lunsj eller middag her. Rekesandwichen og fiskesuppa har stått på menyen sidan åpninga, og er sikre vinnarar den dag i dag.
Omakase betyr ”Eg stoler på kokken”, og eg har i alle fall ingen problem med å stole på min kjenning Roger Asakil Joya og teamet hans. Sabi Omakase fekk si fyrste MICHELIN-stjerne i 2017, berre halvanna år etter at dei hadde opna. Her er det berre å ta imot det du får servert med hovud, hender og hjarte, viss du er så heldig å vera ein av dei ti gjestene ved Joya sitt bord. Dette er sushi slik du finn hjå dei beste sushikokkane i Tokyo. Ei fantastisk oppleving eg unner alle sjømatelskarar!
Restaurant
Stavanger
Sabi Omakase var den første sushi-restauranten til å få MICHELIN-status i Norge! Sushimaster Roger Asakil Joya lager kunstverk av norske råvarer!
I det elegante Stavanger konserthus ligg Spiseriet, ein av mine favorittar. Det er ein levande restaurant, der musikk og mat møtes på høgt nivå. Ikkje berre kan du nyta eit supert måltid før eller etter ei oppleving i konserthuset. Spiseriet har sjølv konsertar i restauranten. Her på kanten av fjorden er naturlegvis sjømaten svært god. Laget er satt saman av unge flinke kokkar, og dei er ei kulturoppleving i seg sjølv.
Har du ikkje satt din fot i ei barberstue før, bør du nytte høve når du er i Stavanger. Her har Brødrene Fevang bygd opp ein 50-talls barbershop i New York- eller Chicago-style, som innfrir ned til minste detalj. Enten du treng ein klypp, barbering, dandering av skjegget eller vil driste deg til voksing av øyre- og nasehår, kan du vera sikker på at du får gjort det med stil av både profesjonelle, stilige, livlege og serviceinnstilte barberarar.
Dei fleste kjenner Preikestolen, men visste du at du kan gå om bord i ein båt i Stavanger og oppleva Lysefjorden frå sjøsida – heile året? Rødne Fjord Cruise har mellom anna verdas raskaste elektriske katamaran, MS Rygerelektra, som tek deg innover det magiske fjordlandskapet som vart forma av istida. Ein perfekt måte å kombinere natur og byliv, direkte frå Stavanger.
Båtturer og fjordcruise
Stavanger
Utforsk Lysefjorden på fjordcruise året rundt: Rødne Fjord Cruise seiler lydløst fra Stavanger til Preikestolen, og gir en unik opplevelse i vakkert landskap.
Midt i Fargegata ligger Hanekam, ein kul, uhøgtidelig kompis du får lyst til å verte ven med med ein gong. Det var vel slik eg vart kjend med Tom Ur Kjørsvik, ein av dei som driv staden og var med å skapa heile den fargerike gata, eit lite Notting Hill. Kjørsvik vert kalla ”Fargegatas far”. Kortreist (og langreist) øl, kreative cocktails, DJs eller levande musikk og alltid god stemning. Fargegata på kveldstid er ei oppleving som verkeleg høyrer med til ein Stavanger-tur. Det er mange små stader å stikka innom, vinterlys ute og ein fin liten ”by i byen”-følelse.
Arkitektur og kulturarv
Stavanger
Øvre Holmegate i Stavanger kjennetegnes av fargerike hus. Utforsk unike butikker, kafeer og kunstutsalg i denne sjarmerende gaten. Ideell for feriebildene!
Byen si storstove og stolte kulturarena ligg fantastisk ved sjøen i Vågen, og har eit program som kan gje kulturinteresserte kvalar, viss fleire favorittar står på ein av scenane samstundes. Salen Fartein Valen er optimalisert for akustisk musikk og ikkje minst Stavanger Symfoniorkester sitt repertoar. Zetlitz-salen har ein unik fleksibilitet og kan riggast til alt fra rockekonserter til utstillingar. Sjølv hadde eg ei utruleg oppleving akkurat der med Janove Ottesen for ikkje så lenge sidan.
Den norske TV-personligheten Arne Hjeltnes deler med deg sine favorittsteder i Stavanger. Velkommen til Stavanger!