Bygder og steder
Moster
Havet og kystleia har vore viktig som næringsgrunnlag, men og for handel, maktspel og nye impulsar frå det store utland. Midt i kystleia på Vestlandet ligg Moster med den lune, trygge hamna Mosterhamn. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande nasjonalhistoriske spor etter seg.
Velkomen til historiske Moster
Øya er landfast med bru over Røyksundkanalen, og vidare med bru til Spyssøy, og brua Bømlafjordbrua til Føyno. Herifrå går Bømlafjordtunnelen til Sveio og vidare til Haugalandet. Frå Føyno går det bru over til Stord.
Moster og hamna Mosterhamn har historisk sett vore ein naturleg plass å gå i land for reisande. Staden er omtala av Snorre, der han skriv om Olav Tryggvason som gjekk i land her i år 995 då han starta å kristna Norge. Her finn du også ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, Moster Gamle Kyrkje.
Moster Amfi og marmor
Den kanskje mest unike friluftsscena i Nord-Europa finn du på Moster. Moster Amfi har sitjeplassar til 1300 personar, og ligg i det som opprinneleg var ei marmorgruve. Her er det både storslåtte teateroppsetjingar og konsertar. Mostraspelet «I slik ei natt» vert sett opp i pinsen annakvart år.
Moster Amfi er også hovudportalen til Geopark Sunnhordland. I gruvetunnelen får du innblikk i geologi og bergverksdrift på Bømlo, som går heilt tilbake til steinalderen.
Visste du forresten at Marmorbroen i København er laga av blant anna marmor frå Moster og Bømlo?
Moster gamle kyrkje
På Moster kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Norge, og Olav Tryggvason si kyrkje. Moster Gamle Kyrkje er ei av dei eldste kyrkja i landet! Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet og i renessansestil, og flotte kalkmaleri dekker store deler av veggane. I 1995 feira den norske kyrkja sitt 1000 års jubileum nettopp på Moster. I samband med dette vart det bygd hus til ei religions-historisk utstilling: «Frå heidendom til kristendom».
1000-års jubileum - Moster 2024
I 2024 er det markering av at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte kristenretten på Mostertinget. Her blir starten på rettstaten og demokratiet Norge feira. Born og unge får ekstra fokus i samband med jubileet og mange spennande arrangement skal finne stad.
På Moster møtest historie, kunst og kultur.
Opplevingar på Moster
Kultur
Moster Amfi
Moster
Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland.
Kultur
Moster Gamle Kyrkje
Moster
Moster gamle kyrkje er truleg blant dei eldste steinkyrkjene i landet. Omvisning i Moster gamle kyrkje inngår i omvisningane på Moster Amfi.
Kultur
Utstillinga "Steinriket Bømlo"
Bømlo
Interessant utstilling i tunnelen i Moster Amfi. I tillegg til denne utstillinga er det og historiske lokalitetar på Bømlo som er mulig å oppleve når du vil.
Utendørsaktiviteter og natur
Kystpilgrimsleia stoppestad Moster
Moster
Kystpilegrimsleia er namnet på pilegrimsleia frå Egersund og opp til Nidaros. Moster, på Bømlo er ein av stoppestadene.
Kultur
Moster Amfi
Moster
Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland.
Kultur
Sunnhordland UNESCO Global Geopark
Moster
Sunnhordland UNESCO Global Geopark finn du mellom øyrike, fjorden og fjella i dei åtte kommunane i Sunnhordland.
Kultur
Frå heidendom til kristendom
Moster
Den permanente utstillinga i Moster Amfi tar oss med 1000 år tilbake, til siste del av vikingtida då det gamle verdsbildet vart utfordra og til slutt overvunne gjennom innføringa av kristendomen i Noreg.
Kultur
Moster Gamle Kyrkje
Moster
Moster gamle kyrkje er truleg blant dei eldste steinkyrkjene i landet. Omvisning i Moster gamle kyrkje inngår i omvisningane på Moster Amfi.
Slik kommer du deg hit
Sunnhordland ligg mellom Bergen og Haugesund og ved inngangen til Hardangerfjorden. Du kjem deg lett til Sunnhordland, og det er mange moglegheiter til korleis du kan reise hit!
Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandMat og drikke
Mat og drikke
Moster Amfi - Amfikaféen
Moster
Amfikafèen har lun atmosfære og nær kontakt med naturen - det er mest som å sitje i ein vinterhage!
Overnatting
Spissøy Feriehus
Bømlo
Flott feriehus som ligg fredeleg til i eit regulert felt andre feriehus. Hytta har fin utsikt utover fjorden frå terrasse, soverom og stove.
Overnatting
Spissøy Feriehus ved sjøen
Bømlo
Koselig hytte ved sjøen, med panoramautsikt, badestrand og privat brygge. I tillegg til hytta (men inklusiv i leiga) er det eit lite, koselig anneks.