Bygder og steder

Ona & Nordøyane

Køyr den nye Nordøyvegen og utforsk nordøyane som ligg som perler på ei snor utanfor Ålesund og Brattvåg. Du kan og ta ferga og oppleve fiskeværet Ona.

Nord for Ålesund ligg store og små øyar, kalt Nordøyane. Ei rekke øyar som strekk seg frå Ålesund og nordover mot Harøyfjorden. Nokre med fastlandssamband med bruer og tunnellar, andre kan du berre nå med båt og ferje som øyane Sandøy og Ona. Sunnmørskysten har ei rik kysthistorie med fiskeri og industri. Landbruk og verftsindustri er av dei største.

Brattvåg er tettstaden i regionen, det er og her du tek ferge til dei ytterste øyane. Her er og eit rikt kulturliv, og kulturhuset tilbyr ei rekke arrangement.

Søvik er eit anna knutepunkt, med hurtigbåt til/frå Ålesund. I nærheita her finn du og Hamnsundhellaren og Bjørnøya Kystbatteri (krigsminne), tilrettelagt for turar.

Nordøyvegen

Innbyggarane her har alltid brukt sjøvegen for å kome seg rundt. Med den nye Nordøyvegen som opna august 2022, er no mange av øyane knytta til fastlandet med bruer og tunnellar, medan øyane Sandøy og Ona fortsatt har båt/fergeforbindelsesom er gratis å reise med.

Om øyane og attraksjonar

Lepsøya er den første øya du kjem til etter Lepsøybrua. Flotte turmulegheiter som fjellet Goaldet, eller ein tur til Rønstadhelllaren. På fineversdagar kan det og kanskje friste med eit bad på den flotte badestranda ved Prestegarden.

Haramsøya er naboøya, ideell for sykkelturar, både over fjellet og langs vegen. Friske turmål som Ulla Fyr, kvite badestrender og fjellturar på Mannen og Rødhammaren. Populært turmål for både bobilar og båtar.

Skuløy/Flemsøy er øya med dei mange namna, forbindelse til Haramsøya med bru. Ein populær tur er ein fjelltur på Skulen og Skulebua med panoramautsikt over alle øyane og storhavet. Kvite strender og flotte sykkelmulegheiter.

Harøya og Finnøya er det siste steget og som er endestasjon for Nordøyveien.

På Harøya er det eit veldig flott turtterreng, med tilrettelagte turstiar for ein fin tur. I Røsok småbåthavn ligg Max Aktivitetssenter, der det er mulighet for å leige kajakk, og andre vannsport aktivitetar. Det blir også holdt kurs i bruk av kajakk. Du finn butikkar, frisør og kafe på øya.

På Finnøya ved fergekaia, som er endepunktet for Nordøyvegen finn vi hotell med restaurant og badelandet «Hopp i havet».

Ona og Husøy - Eit gammalt fiskevær med unik historie. Her finn du ro i sjela, nyt ein piknik på stranda og rusle rundt blant dei lokale.

Aktivitetar og attraksjonar

Håp i Havet

Bading og velvære

Håp i Havet - badeland

Finnøya

Håp i Havet er eit topp moderne bad med fantastisk utsikt mot havgapet!

Fiskeværet Ona og Ona Fyr

Kultur

Fiskeværet Ona og Ona Fyr

Finnøya

Velkommen til Norges sydligste levende fiskevær – Ona. Øya ligger i havgapet ytterst på Romsdalskysten, og her bor 16 mennesker hele året.

Hamnsundhellaren

Kultur

Hamnsundhelleren

Ona & Nordøyane

Hamsundhelleren ligger i Haram kommune, og her har det blitt funnet rester av våpen og redskap fra steinalderen.

Badestranda Vikane på Flemsøy.

Aktivitetsparker og dyr

Sandvika (Vikane) badestrand

Ona & Nordøyane

Sandvika, også kalt Vikane, er ei flott sandstrand i havgapet på Flemsøy.

Utsikt fra fjellet skulen på øya Flemsøy/Skuløy.

Utendørsaktiviteter og natur

Fjelltur til Skulen på Flemsøy

Ona & Nordøyane

Fin fjelltur med god utsikt i alle himmelretningar. På toppen ser ein ut i havhorisonten og fjellrekkene på fastlandet.

Kultur

Steffågarden på Ona

Ona & Nordøyane

Husmannsplass på Husøya (Ona) fra 1793. Besøk Steffågarden og opplev kystkulturhistorie fra Romsdals ytterste øy.

Fin kvit sandstrand på Ulla.

Bading og velvære

Ullasanden

Ona & Nordøyane

Ullasanden er ei kvit sandstrand og ein flott badeplass ved Ullahammaren på Haramsøy.

Gjersetdalen gildehall

Utendørsaktiviteter og natur

Gjersetdalen frå Gjerset

Ona & Nordøyane

Gjersetdalen Villmarksområde er eit flott naturområde, med blant anna Gildehall, Røde Kors-hytte, vannaktivitetar og aktivitetspark.

Synnalandsvatnet i Brattvåg.

Utendørsaktiviteter og natur

Familietur rundt Synnalandsvatnet

Ona & Nordøyane

Triveleg runde rundt Synnalandsvatnet både til fots og på sykkel. Ca 5 kilometer lang tur på grus/god sti.

Stol med utsikt i Eventyrskogen.

Utendørsaktiviteter og natur

Eventyrskogen på Lepsøya

Ona & Nordøyane

Eventyrskogen på Lepsøy er ei oppleving for både store og små. Her er mykje å utforske, så hugs å rekne god tid!

Leira sandstrand på Sandøy

Utendørsaktiviteter og natur

Leira ved Sandøy

Ona & Nordøyane

Sandøy har ein rik og idyllisk øykultur, med sjø og hav på alle kantar, i tillegg til nokon av Romsdalskysten sine vakreaste sandstrender. Her finn du ro og fred, men også 35 fastboende og eit levende gård- og dyreliv.

Slik kommer du deg hit

Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & Sunnmøre

Sove og Spise

Du er kanskje også interessert i

  • Fuglefjellet på Runde i solnedgang med grøne marker, solnedgang og folk i Lundeura.

    Runde & Sunnmørskysten

    Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.

  • Solnedgang på Alnes sett frå fjellet med person som står framme på fjellet.

    Giske & Alnes

    Opplev livet langs kysten på Sunnmøre på nært hald, og det er like fascinerande sommar som vinter. Det er enkelt å kome seg til Giske, og andre stader med kysthistorie som for eksempel Ålesund, Ona og Runde.

  • Geiranger

    Dei færraste kan freiste med ein så vakker og urørt natur. Geirangerfjorden står på den prestisjefulle UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarvstader.