Bygder og steder
Sykkylven
Idyllisk plassert mellom fjordar og fjell med Sunnmørsalpane som næraste nabo. Her kan du leve ut friluftsdraumen, og området er eit natureldorado for heile familien!
Natur- og kulturopplevingar
Sykkylven kan by på ein variert og vakker natur sommar som vinter. Her finn du smale fjordar, flate og frodige dalar, blå brear, mektige fjell og ville fjellformasjoner. Det fins mange aktivitetar både for born og vaksne heile året. Kort veg til Strandafjellet, Ålesund, Hjørundfjorden og Geirangerfjorden.
I Sykkylven finn du eit koseleg handelssentrum med små nisjebutikkar tett i tett, restaurantar og kafear der du kan nyte eit godt måltid i koseleg atmosfære rett ved sjøkanten.
Meir informasjon finn du og på www.sykkylven.com.
Vinteraktivitetar
I Sykkylven som er innfallsporten til dei majestetiske Sunnmørsalpane ligg alt til rette for kjekke vinteraktivitetar for både born og vaksne. Her kan du nyte skiturar både til fjells, og i nypreparerte langrennsløyper. Her er også mange fine fjellturar/trugeturar i området, meir informasjon på stikkUT.no. Når isen legg seg på Tuvatnet kan du ta på deg skøytene og svinge deg rundt på isen.
Vår, sommar og haust i Sykkylven.
Her finn du noko for ein kvar smak enten du likar å kome deg fram på hjul, drive med vannsport, eller likar å ta beina fatt og gå på fjelltur. Kos deg på badestranda, finn gode opplevingar på eitt av musea eller på ein besøksgard. Nyt utsikta til fjelltoppane og Sunnmørsalpane så vel som utover fjorden. Det er like flott om det er storm eller sol og blå himmel.
Historie
Sykkylven er kjent for sine forhistoriske funn på Auremarka, som er eitskattekammer for dei historieinteresserte. På Auremarka har fornfunna dokumentert eibusetjing på minst 4000 år, og detvart gjort funn av eit langhus på heile 58 meter på staden. Dette er eitt av dei lengste i Norge. Kulturforeininga Aura-Påls vener har bygd ein rekonstruksjon av eit bronsealder hus som stod i området for omlag 3000 år sidansom er verdt eit besøk.
Industri og fakta om Sykkylven
Sykkylven er kanskje mest kjent som møbelhovudstaden i Norge. Eit hundretals møbelfabrikkar med underleverandørar, transportfirma og seljarar vaks fram i løpet av den store gründerperioden etter siste verdskrig. Dei fleste forsvann då gullalderen var forbi. Men nokre overlevde og vaks ut av kjellarlokala og dei første enkle fabrikkbygningane. Dei skulle gjere Sykkylven til den store møbelkommunen i landet. Den største bedrifta i Sykkylven er Ekornes som lagar det verdskjente møbelet Stressless som såg dagens lys i 1971. Stressless har gjennom åra blitt produsert i ulike modellar fram til i dag, og er kjent for sin unike komfort og kvalitet.
Sykkylven er dessutan ei teknologikommune der fokuset i industrien er automatisering og forenkling av produksjonsprosessar. I Sykkylven er det per i dag 190 industrirobotar i drift. Det representerer om lag 16% av alle industrielle robotar i Norge. Industrien jobbar tett i lag med den vidaregåandeskulen slik at dei får den kompetansen dei treng ute i bedriftene.
Korleis kjem du deg til Sykkylven?
Sykkylven ligg omlag ein time frå Ålesund på RV60 med bil. Der er og gode bussforbindelsar til Sykkylven, som ligg midt i strekninga mellom Ålesund og Stranda.
Rutetabellar og tider finn du på www.frammr.no.
Reiseinspirasjon
Aktivitetar og attraksjonar i Sykkylven
Kultur
Naturmuseet
Sykkylven
Naturmuseet i Sykkylven viser korleis plantar, dyr og fuglar skaper ein fantastisk mosaikk i det storslåtte naturlandskapet vårt, der alle brikkene til saman utgjer ein heilskap.
Sightseeing
Workation i Sykkylven - innfallsporten til Sunnmørsalpane
Sykkylven
Lad batteriene i Sunnmørsalpene og få ny energi til jobb eller studier på SkaparLINKEN ved fjorden.
Sightseeing
Rundtur til Stranda & Storfjord
Ålesund
Denne turen starter i Ålesund og går via Sykkylven til Stranda og tilbake til Ålesund via Liabygda, Stordal og Sjøholt. Langs ruta kan du nyte fantastisk utsikt til det vakre landskapet.
Utendørsaktiviteter og natur
Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven
Sykkylven
Alpinanlegget Fjellsætra i Sykkylven, ligg naturskjønt til ikkje langt frå Ålesund, og har gode tilbod for hele familien. Anlegget er også del av Alpepass.
Utendørsaktiviteter og natur
Fjelltur på Stavekollen i Sykkylven
Sykkylven
Ein fjelltur på Stavekollen (637 moh.) i nydeleg natur er å anbefale. Du vert belønna med ei fantastisk utsikt over Sykkylven når du når toppen.
Aktivitetsparker og dyr
Sølmongarden - gårdsbesøk
Sykkylven
På idylliske Sølmongården i Straumgjerde kan du oppleve nærhet med dyr i nydelig landskap på et åpen gård besøk.
Utendørsaktiviteter og natur
Langenesvatnet i Sykkylven
Sykkylven
Langenesvatnet er ein idyllisk plass og er ein populær tur for heile familien.
Utendørsaktiviteter og natur
Fjelltur til Borgundkollen i Sykkylven
Sykkylven
Borgundkollen (782 moh) er ein flott fjelltur med fin sti heilt opp til toppen. Du får ei fantastisk fin utsikt over fjell og fjord.
Aktivitetsparker og dyr
Lisjesanden ved Fetvatnet i Sykkylven
Sykkylven
Lisjesanden ligg idyllisk til ved Fetvatnet i Straumgjerde. Her er det tilrettelagt med benkar, grillar og toalett.
Sightseeing
Workation i Sykkylven - innfallsporten til Sunnmørsalpane
Sykkylven
Lad batteriene i Sunnmørsalpene og få ny energi til jobb eller studier på SkaparLINKEN ved fjorden.
Utendørsaktiviteter og natur
Topptur til Skopphornet
Sykkylven
Fjelltoppen Skopphornet (1226 moh.) finner du midt mellom Hjørundfjorden og Sykkylvsfjorden. Toppen skiller seg fra tindene i området med sin dominerende brede og flate form – og minner mindre om et horn enn om en stabbe. Toppen gir uansett en fantastisk utsikt over fjell- og fjordlandskapet omkring, så vel som kystlandskapet rundt Ålesund.
Utendørsaktiviteter og natur
Fjelltur til Hovdeåsen i Sykkylven
Sykkylven
Ein fjelltur på Hovdeåsen (369 moh.) er å anbefale då ein får ei nydeleg utsikt over fjorden og øyane ute i havgapet.
Slik kommer du deg hit
Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.
Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreSove og spise i Sykkylven
Overnatting
Sunnmørsalpane Hytteutleige
Stranda & Strandafjellet
Bo rett ved skitrekket på Fursetsiden av Strandafjellet. Umiddelbar nærhet til alle fasiliteter som gondolen, Stova 1957 og skiutleie/servicebygg.