Bygder og steder
Valldal - The Adventure Valley
Jordbærbygda Valldal er kjend for søte bær, men også som opplevingsbygda med aktivitetar heile året gjennom: kajakk, rafting, trugeturar og yoga. Alt dette midt mellom Geiranger og Trollstigen.
Valldal har eit godt klima, og i sommarsesongen kan du nyte frukt, bær og grønsaker som kan kjøpast direkte frå bonden. Gjennom kommunen går Nasjonal turistveg Trollstigen - Geiranger. Langs denne strekninga finn du spektakulære arkitektoniske utsiktspunkt som til dømes Gudbrandsjuvet i Valldal. Dei særeigne naturkvalitetane gjer at delar av kommunen både er ein del av Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv, i tillegg til fire naturreservat og fleire landskapsvernområde.
Mange kjem til området på grunn av det store utvalget av aktivitetar for både barn og vaksne, og på alle nivå. Her kan ein oppleve kajakkpadling, rafting, juving, fjellturar, klatring for heile familien og toppturar på ski. For dei som er ute etter eit adrenalinkick, kan ein prøve rappellering ned den 96 meter høge Zakariasdammen. Ta også turen til vakre Tafjord, eit område som er litt mindre kjend som UNESCO verdsarv enn storebror Geirangerfjorden. Valldal er også startpunktet for pilegrimsleia Valldalsleia.
Bygder og tettstader kring Valldal
Fjørå - ei grøderik bygd. Her er lett tilkomst til fjord og fjell med fiske og turterreng. Eit populært turmål er å gå frå Hauge og opp på Ruggå og vidare opp på Mefjellet. Herifrå har du fantastisk utsikt over bygdene, Tafjorden og fjella rundt.
Tafjord - er eitt av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella. Tafjord er også kjent som vasskraftbygda, og demninga Zakariasdammen er eit populært besøksmål.
Norddal - her ligg mellom anna den idylliske Herdalssetra midt i hjartet av verdsarvområdet – Vestnorsk fjordlandskap, med 300 års ubroten setertradisjon. Setra tilbyr gards- og seteropplevingar og økoturisme. Du kan også fiske i det idylliske Herdalsvatnet, eller i dei mange fjellvatna ovanfor setra. Nede i bygda finn du mange lokalmatprodusentar.
Eidsdal - eit veleigna utgangspunkt for fjellturar både sommar- og vinterstid i variert terreng. Den freda husmannsplassen Severinbrauta er eit populært besøksmål. Her er det bevart bygningar, hage, slåtteng og inventar i si opprinnelege form frå 1870-talet.
Stordal - på Overøye ligg Arena Overøye skisenter med skiheiser og alpint-nedfarter, og herifrå går også kilometervis med flotte preparerte langrennsløyper i vintersesongen.
Rosekyrkja med dei makelause innvendige dekorasjonane er verdt eit besøk.
Dyrkorn - ligg flott til ved Storfjorden og strekkjer seg bratt oppover fjellsida. Øvst i bygda ligg fleire gardar, og landbruk er ein viktig leveveg. Her kan du besøkje den tradisjonsrike setra Gjerdstølen eller gå tur på ein av fjelltoppane som Dyrkorn ligg omkransa av.
Korleis kjem du deg til Valldal?
Det er flere måter å komme seg til Valldal, både med offentleg transport eller eigen bil.
Nærmaste flyplass er Ålesund Lufhamn Vigra, ca 1,5 time frå Valldal. Gode nasjonale og internasjonale forbindelsar.
Buss: Fleire avgongar for dag frå Ålesund. Om sommaren også frå Åndalsnes.
Tog: Tog til Åndalsnes og buss over Trollstigen til Valldal om sommaren
Bil: 1,5 time frå Ålesund
Inspirasjon til ting du kan få med deg i Valldal.
Reiseinspirasjon
Aktivitetar og attraksjonar i Valldal
Aktivitetsparker og dyr
Valldal Aktivitetspark
Valldal - The Adventure Valley
Aktivitetsparken kan freiste med meir enn 1500 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppeputer og hoppeslott.
Bading og velvære
Meretes Garden - yoga, spa & retreat
Valldal - The Adventure Valley
Gjennom mindfulness, yoga og badstu, vil Merete ynskje deg velkommen til aktivitetar for kropp og sinn heile året. Omringa av fantastisk natur vil du bli gitt verktya du treng for personleg framgang og utvikling. Overnatting også tilgjengeleg, i stilfult innreia tipiar sommarstid og eit dobbelrom i badehuset heile året.
Shopping
Lingebakken gardsutsal i Valldal
Valldal - The Adventure Valley
På Lingebakken får du kjøpt eigenprodusert sider, most og frukt, alt etter kva som er i sesong.
Utendørsaktiviteter og natur
Fiske i Herdalen
Valldal - The Adventure Valley
Fiske i Herdalsvatnet, Nøre-Herdalen, Vassdalen, Grjøtdalsvatnet, Kallskarvatnet og innlaupselvane til Herdalsvatnet.
Utendørsaktiviteter og natur
Utleie av sykler og turutstyr i Valldal
Valldal - The Adventure Valley
Hos Uteguiden i Valldal kan du leie sykkel og annet turutstyr. Oppdag Valldal, Tafjord eller Trollstigplatået fra sykkelsetet!
Utendørsaktiviteter og natur
Multiadventure i Verdsarven
Valldal - The Adventure Valley
Multiadventure i hjertet av norks natur- og kulturarv. Vi overnatter på unike gjestehus med lokale verter, nyter kortreist mat og smaksprøver, og opplever vill og vakker Sunnmørsnatur både til fots og fra en kajakk.
Utendørsaktiviteter og natur
Familierafting i Valldal
Valldal - The Adventure Valley
Elven Valldøla er perfekt for rafting. Delen av elven som har familieraftingen er på et roligere strekke i elven.
Utendørsaktiviteter og natur
Topptur til Mefjellet
Valldal - The Adventure Valley
På Mefjellet 1104 moh. har du flott utsikt over Norddalsfjorden og bygdene og fjella rundt. Det er ein bratt, men fin tur på gamle vegar som går opp gjennom skogen, vidare på Setrevegen opp til Nysætra og etter sti siste stykket opp til toppen.
Utendørsaktiviteter og natur
Bedringens veg i Valldal
Valldal - The Adventure Valley
En enkel tur på nordsida av elva Valldøla like ved Valldal sentrum. Turen passer for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, unge og eldre.
Utendørsaktiviteter og natur
[Ræin]
Valldal - The Adventure Valley
Ræin er eit lokalt og innovativt guidefirma lokalisert ved innfallsporten til Reinheimen Nasjonalpark. Med høg kompetanse innan friluftsliv og naturforvaltning, er dette ei bedrift med lidenskap om å levere unike og personlege opplevingar i takt med lokalsamfunn og miljø.
Utendørsaktiviteter og natur
Klatring, rappellering og grottetur i Valldal - The Adventure Valley
Valldal - The Adventure Valley
Denne turen gir en unik kombinasjon av utfordring, spenning og mestringsfølelse, hvor du får prøvd hele tre aktiviteter i en tur.
Utendørsaktiviteter og natur
Svartevatnet og Oaldsvatnet
Valldal - The Adventure Valley
Desse to vatna når ein etter om lag 2 timar gange frå Eidsvatnet, ligg på 1023 moh. og 1173 moh. på Eidsheia.
Slik kommer du deg hit
Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.
Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreSove & spise i Valldal
Overnatting
Nikkahuset
Valldal - The Adventure Valley
Feriehus med høg standard, i Valldal. Huset er nyrestaurert med alle fasiliteter for en storfamilie eller vennegjengen.
Overnatting
Valldal Fjord Lodge
Valldal - The Adventure Valley
Valldal Fjord Lodge ligger i sentrum av Valldal, et uformelt sted hvor du kan lade batteriene gjerne over flere dager.
Overnatting
Jemtegård Feriesenter
Valldal - The Adventure Valley
Jemtegård Feriesenter ligger lunt til like ved Valldal sentrum (ca 2 km). Her finner du oppstillingsplasser for caravan, bobil og telt.
Andre stader å besøke i nærheita.
Trollstigen
Trollstigen er en imponerende veiovergang som slynger seg gjennom 11 hårnålssvinger langs bratte fjellsider i Romsdalen. Trollstigveien forbinder Åndalsnes med Valldal på Sunnmøre.