Byer

Ålesund

Ålesund kommune femnar om eit stort geografisk område med øyar og fjell. Like i nærleiken finn du også Sula med Sulafjellet og Devoldfabrikken, og Giske med mellom anna Alnes Fyr og dei flotte strendene på Vigra.

Utsiktpunkt

Dei 418 trappetrinna opp til Aksla er ei oppleving i seg sjølv. Vi har ingen skyskrapar i Ålesund, men vil du opp på byens tak, så er det vesle byfjellet Aksla staden for deg. Du kan nesten ikkje seie du har vore i Ålesund utan å ha teke turen opp her. Start gjerne i gågata og ta nokre ekstra trinn frå Tusenårstrappa til det første fine utsiktspunktet over byen. Deretter kryssar du byparken, der du kan helse på statua av vikinghøvdingen Rollon frå Giske. Nyt dei ulike utsiktspunkta oppover med namn som Strykejernet og Byrampen.

Har du ikkje mista pusten av stigninga og trappene, så gjer du det no, av den fine utsikta til Nordsjøen på den eine sida, Sunnmørsalpane på andre sida, byen framfor deg og fugleøya Runde i horisonten. Etter ei lita pause, kan du følge stien innover Aksla til Rundskue, gå ned til Borgernes veg langs sjøen tilbake til byen, eller du kan studere dei artige trefigurane i skogen på veg ned Vannspringdalen til byen. Avslutt turen med ein av byens kjende fiskerettar som Bacalao de Noruega, hummersuppe eller klippfiskpizza.

Ålesund er omringa av hav på alle kantar, og fiskeri er sjølve livsnerven i byen. Ta difor turen til Atlanterhavsparken Akvarium og Vitensenter og opplev livet i havet. 

Andre kortreiste opplevingar 

Kysten vår har ei rik historie både når det gjeld industri og fiske. Sjøvegen var inga hindring for øybuarane. Sjølv om det no er fastlandsforbindelsar til øyane, kan det vere ei rik oppleving å prøve øyhopping til Nordøyane og Ona. Eit perfekt område for ein sykkelferie, finn dei flotte kvite badestrendene, og besøk dei ulike fyra på reisa. 

I tillegg er fjordane kanskje nærmare enn du trur. Geirangerfjorden og Hjørundfjorden er våre to mest kjende fjordar. Like flotte vinter som sommar, kanskje faktisk endå meir spesielt i den kalde og kvite perioden. 

Korleis kjem du deg til Ålesund

Ålesund Lufthamn Vigra er nærmaste flyplass, berre 20 minutt frå sentrum. Her går fleire daglege avganger frå andre store norske byar, og internasjonale ruter.
Tog: til Åndalsnes med busskorrespondanse til Ålesund.
Båt: Havila Kystruten og Hurtigruten.
Buss: Det går dag- og nattbussar frå Oslo, i tillegg til gode bussforbindelsar til Bergen og Trondheim. 
Bil: Lett tilkomst frå Bergen, Oslo, Trondheim

Aktivitetar og attraksjonar i nærheita

Utendørs selbasseng med man som forer selene.

Aktivitetsparker og dyr

Atlanterhavsparken i Ålesund

Ålesund

I Atlanterhavsparken får både små og store ekte, engasjerende og lærerike opplevelser.

Utsikt mot bygningene KUBE og Jugendstilsenteret i Ålesund bysentrum.

Kultur

Jugendstilsenteret og KUBE

Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum i hjartet av Ålesund sentrum, med originalt jugendstilinteriør, skiftande samtidskunstutstillingar og aktivitetar for publikum.

Leik i bassenget

Aktivitetsparker og dyr

Bybadet i Ålesund

Ålesund

Velkommen inn i Ålesunds nye og flotte badeland med terapibad, boblebad, barnebasseng, sklier, stupetårn, aktivitetsbasseng, treningsbasseng, kafé og deilig sydentemperatur.

Utsikt mot bygningene KUBE og Jugendstilsenteret i Ålesund bysentrum.

Kultur

Jugendstilsenteret og KUBE

Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum i hjartet av Ålesund sentrum, med originalt jugendstilinteriør, skiftande samtidskunstutstillingar og aktivitetar for publikum.

Kultur

Middelaldermuseet

Ålesund

I Middelaldermuseet kan du sjå restar av mellomalderbyen Borgund som ligg der dei vart funne, og bli betre kjend med livet i mellomalderen.

UtsikUtsikt over Ålesund fra en av turene.t over Ålesund fra en av turene.

Sightseeing

Sightseeing til Atlanterhavsparken

Ålesund

Ålesund Adventure tar deg med på uforglemmelig opplevelse til de største attraksjonene i Ålesund.

Sightseeing

Bli med Fjordwise på en uforglemmelig båttur

Ålesund

Fjordwise tar deg med til Geiranger, Hjørundfjorden, Runde og mer.

Fra båten ser man inn til vakre Hjørundfjord omkranset av høye fjell.

Utendørsaktiviteter og natur

Fisketur i Hjørundfjorden

Ålesund

Dette er en eksklusiv dagstur for grupper, til den nydelige Hjørundfjorden. God mat, fiske og lokalkultur i vakre omgivelser, med lokale, kunnskapsrike guider.

Alnes

Sightseeing

Rundtur Ålesund - Alnes Fyr

Ålesund

Opplev den vakre utsikten over Ålesund fra Akslafjellet, Alnes fyr, Giske middelalderkirke (år 1130) og Ålesundsfyret Molja med Royal Tur bysightseeing.

Raumabanen

Sightseeing

Skreddersydde film-location turar frå Ålesund

Ålesund

Kjenn deg som ei filmstjerne på Vestlandet.

Geirangerfjord

Sightseeing

Rundtur til UNESCO Geirangerfjord

Ålesund

Opplev den vakre Geirangerfjorden og nyt synet av de mektige Sunnmørsalpene!

Sightseeing

MS Bruvik til vakre Sæbø

Ålesund

Opplev Sæbø og ei reise med historisk båt.

Slik kommer du deg hit

Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & Sunnmøre

Sove og spise

  • Hotel 1904 i Ålesund sentrum

    Overnatting

    Hotel 1904

    Ålesund

    Midt i jugendbyen ved havet finner du Ålesunds eldste hotell som ble reist i 1904. Den historiske fasaden med jugendelementer pryder bybildet og inviterer tilreisende og lokale til uforglemmelige opplevelser, alene eller sammen med familie og venner.

  • Restaurant med utsikt mot brosundet

    Mat og drikke

    XL Diner

    Ålesund

    XL Diner er kjent som en av Europas største bacalaorestauranter, og hovedtyngden ligger i tilbereding, servering og promotering av norsk klippfisk.

  • Overnatting

    Quality Hotel Waterfront

    Ålesund

    Velkommen til Quality Hotel Waterfront i Ålesund, med de flotteste og mest solrike lokaliteter på sydsiden av byen! Hotellet har 248 lekre og urbane rom.

Kva skjer i Ålesund?

    Fleire stader du må få med deg.

    • Lepsøyrevet Fyr med Lepsøybrua og nokre av nordøyane i bakgrunnen.

      Ona & Nordøyane

      Køyr den nye Nordøyvegen og utforsk nordøyane som ligg som perler på ei snor utanfor Ålesund og Brattvåg. Du kan og ta ferga og oppleve fiskeværet Ona.

    • Solnedgang på Alnes sett frå fjellet med person som står framme på fjellet.

      Giske & Alnes

      Opplev livet langs kysten på Sunnmøre på nært hald, og det er like fascinerande sommar som vinter. Det er enkelt å kome seg til Giske, og andre stader med kysthistorie som for eksempel Ålesund, Ona og Runde.

    • Geiranger

      Dei færraste kan freiste med ein så vakker og urørt natur. Geirangerfjorden står på den prestisjefulle UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarvstader.

    • Rafting i Valldal

      Valldal - The Adventure Valley

      Jordbærbygda Valldal er kjend for søte bær, men også som opplevingsbygda med aktivitetar heile året gjennom: kajakk, rafting, trugeturar og yoga. Alt dette midt mellom Geiranger og Trollstigen.

    • Trollstigen

      Trollstigen

      Trollstigen er en imponerende veiovergang som slynger seg gjennom 11 hårnålssvinger langs bratte fjellsider i Romsdalen. Trollstigveien forbinder Åndalsnes med Valldal på Sunnmøre.

    • Swing at Christian Gaard in Trandal

      Hjørundfjorden

      Midt mellom dei taggete og steile Sunnmørsalpane, skjer Hjørundfjorden seg 35 km innover i landet. Små bygdeperler ligg på rekke og rad og ønsker deg velkomen.

    • Fuglefjellet på Runde i solnedgang med grøne marker, solnedgang og folk i Lundeura.

      Runde & Sunnmørskysten

      Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.

    • Fjellet i haustfargar med kvite fjelltoppar.

      Sykkylven

      Idyllisk plassert mellom fjordar og fjell med Sunnmørsalpane som næraste nabo. Her kan du leve ut friluftsdraumen, og området er eit natureldorado for heile familien!